Tar pulsen på Barentshavet

Fire forskningsfartøy skal ta pulsen på Barentshavet, og seglar no ut på nok eit økosystemtokt. – Tre norske og eitt russisk, fortel forskingssjef Erik Olsen.

AV Mareno Leonhardsen
Publisert
Oppdatert:

Eirik Olsen er toktleiar på «G.O. Sars» som like før kl 17 tirsdag gjekk frå Tromsø – etter tolv års fråvær frå toktet.

– Eg var med på dei første økosystemtokta frå 2004 og utover og hadde mitt førebels siste tokt i 2007. Då var eg også toktleiar. Sidan den gongen har eg hatt andre oppgåver ved HI, men no er eg altså tilbake – og eg gler meg, seier han.

Dei tre norske fartøya skal dekke den norske økonomiske sona, medan det russiske fartøyet skal undersøke Russlands økonomiske sone i Barentshavet.

Fra plankton til kval

– Vi seier at vi undersøker – alt frå planteplankton til dei største kvalane. Vi måler temperaturar og salthaldigheit og registrerer søppel som flyt i havet. I tillegg har vi eigne fugleobservatørar om bord som artsbestemmer og tel fuglar. På den måten får vi tatt pulsen på den økologiske tilstanden i Barentshavet, fortel Olsen.

Største og beste

Ein av toktdeltakarane i år er Maria Fossheim, leiar for Havforskingsinstituttet sitt forskingsprogram for Barentshavet og Polhavet. Ho seier at økosystemtoktet i Barentshavet er det mest omfattande i sitt slag.

Saken fortsetter under annonsen.

– Det dreier seg altså om verdas største – og eg tør å seie beste – økosystemtokt, seier ho.

Toktet varer fram til 4. oktober. Når forskingsfartøya kjem til land har dei samla inn ei enorm informasjonsmengde. Den blir viktig når vi havforskarar skal gi råd til forvaltninga om størrelsen på fiskekvotar, eller gje andre råd om ressursane i Barentshavet, seier Fossheim.

Endringar

Det første norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet gjekk av stabelen i 2004.

 – I løpet av desse åra har vi sett at mange fiske- og dyreartar har flytta seg nordaustover i Barentshavet. Det har også komme inn artar frå Norskehavet i sør, samstundes som dei arktiske artane i nord er på veg ut av Barentshavet. Vi har også sett ein enorm auke i produksjonen i Barentshavet, seier Fossheim.

Trykk for å se kommentarer


FORSIDEN NÅ